Personvern
Personvernerklæring
Sist oppdatert: juni 2026
1. Behandlingsansvarleg
Odda Optikk AS er behandlingsansvarleg for personopplysningar som vert behandla i samband med nettsida oddaoptikk.no og tilhøyrande tenester.
- Odda Optikk AS
- Org.nr 929 622 898
- Eitrheimsvegen 17 A, 5750 Odda
- E-post: post@oddaoptikk.no
2. Kva nettsida gjer
Nettsida viser informasjon om butikken, opningstider og tenester. Du kan kontakte oss via e-post eller SMS. Nettsida har ikkje eit registreringsskjema for besøkande, og me bruker ikkje analyse- eller marknadsføringsverktøy som sporer deg på tvers av nettstader.
Behandling av kundeopplysningar i butikken (t.d. ved synsundersøking, brillekjøp eller linsebestilling) er ikkje ein del av denne nettsida, men regulert av eigne rutinar og samtykke i butikken.
3. Personopplysningar me kan behandle
3.1 Besøk på nettsida
Når du besøker nettsida, kan serveren automatisk lagre teknisk informasjon i loggar, til dømes IP-adresse, tidspunkt for førespurnad, nettlesartype og kva side som vart bedt om. Dette vert brukt for drift, feilsøking og tryggleik.
3.2 Kontakt via e-post eller SMS
Dersom du kontaktar oss via e-post eller SMS, behandlar me opplysningane du sjølv sender (t.d. namn, telefonnummer, e-postadresse og innhaldet i meldinga). Desse opplysningane vert brukte for å svare deg og følgje opp bestillingar eller førespurnader.
3.3 Administrasjon av nettsida
Tilgang til admin-delen av nettsida er passordverna. Ved innlogging vert det sett ein teknisk sesjons-cookie (oo_session) som berre brukast for å halde deg innlogga. Cookien er httpOnly, og vert ikkje brukt til sporing av vanlege besøkande.
3.4 Besøksstatistikk
Nettsida registrerer anonymisert statistikk over besøk (tidspunkt, side, land basert på IP-adresse, og nettlesartype). IP-adressa vert ikkje lagra. Statistikken vert berre vist i admin-delen og brukast for å sjå kor mange som besøker nettsida.
4. Rettssleg grunnlag
Me behandlar personopplysningar på grunnlag av personvernforordninga (GDPR) og personopplysningslova, mellom anna:
- Berettiga interesse – for drift, tryggleik og feilsøking av nettsida.
- Avtale / førebur seg avtale – når du kontaktar oss og me treng opplysningar for å hjelpe deg.
- Rettsleg plikt – der me er pålagde å lagre opplysningar etter gjeldande regelverk.
5. Lagringstid
Serverloggar vert lagra så lenge det er naudsynt for drift og tryggleik, normalt inntil 30 dagar med mindre lengre lagring er påkravd av særlege grunnar (t.d. ved sikkerhetshendingar).
E-post og SMS-korrespondanse vert lagra så lenge det er naudsynt for å handtere kundeforholdet, og slettast når opplysningane ikkje lenger er relevante – med mindre me er pliktige til å behalde dei lenger.
Admin-sesjonen varer i inntil 7 dagar, eller til du loggar ut.
6. Utlevering til tredjepartar
Me sel ikkje personopplysningar. Opplysningar kan delast med leverandørar som hjelper oss med drift av nettsida og server (t.d. hosting), men berre i den grad det er naudsynt og under avtale som tryggjer forsvarleg behandling.
7. Dine rettar
Du har rett til å:
- be om innsyn i opplysningar me har om deg,
- be om retting av feilaktige opplysningar,
- be om sletting når vilkåra for dette er oppfylte,
- protestere mot behandling basert på berettiga interesse,
- be om begrensing av behandlinga,
- klage til Datatilsynet dersom du meiner behandlinga bryt regelverket.
For å bruke rettane dine, kontakt oss på post@oddaoptikk.no.
8. Endringar
Me kan oppdatere denne personvernerklæringen ved behov. Den gjeldande versjonen vil alltid vere tilgjengeleg på denne sida.